top of page


Det heile starta i 1982. Bremanger Rockklubb blei stifta av idealistiske, musikkinteresserte ungdomar frå Bremanger med mål om å gje levande kvalitetsmusikk til folket!
Frå scena på Havly Pensjonat og Kafe på Iglandsvik blei det servert ypparleg rock, blues og beslekta stilartar jamt og trutt gjennom heile året.
INFORMASJON
Etter fem års drift bestemte styret seg i 1987 for å starte ein festival som skulle arrangerast kvar sommar. Sidan har RockWeekend vore eit fast høgdepunkt for sommaren, både for lokale og for tilreisande, og har verkeleg bidratt til å setje Bremanger på kartet!
Opp gjennom åra har RockWeekend blitt arrangert av tre aktørar: Bremanger Rockklubb, Havlys og Opplev Bremanger.
Sidan starten i ‘82 har det blitt tallause fantastiske konsertopplevingar, dei fleste på Havlys, men òg på Garasja, i sirkustelt, store festivaltelt og ungdomshus, på utescener, og til og med inne i fjellanlegget i Gottrahaugen i Berle!
Vi tillét oss å slå fast at RockWeekend har bidratt sterkt til det rike kulturlivet som finst i Bremanger!
FRIVILLIG
Vil du vere med på å lage sommarens trivelegaste festival?
Vi treng kjekke folk til å gjennomføre festivalhelga.
​
Ta kontakt om du er interessert!
KONTAKT
Teigane 1, 6727 BREMANGER
bottom of page